tirsdag, juni 14, 2005

Golf Limerick

Det nærmar seg siste utslag i Volda, og det er tid for avskjedslag, talar og anna gilde ting.. Til det høyrer og eit limerick, laga av kollega og rimsmed Per Magne. I går kveld presenterte han følgjande limerick, sterkt inspirert av opplevingar på golfbanen sist laurdag:
Ein golf-frelst dekan i Volda vart lei
av vrange kolleger og score-tal som svei.
Men misjonen kallar.
Med kølle og ballar,
til grønare greenar han dreg no sin vei.

Eg takkar og bukkar, og pakkar snart golf-bag'en... :-)

Ingen kommentarer: